Onsdag før skjærtorsdag var det 60 år sidan eg vart fødd!
Påskefjellet lokka med finaste vær på mange år - kva var då meir naturleg enn plassere bubilen strategisk til, rett ved skiløypene? Så vidt eg minnest var alle påsker før i tida like fine!
Saman med 17 andre bubilentusaiastar stod me godt parkert på Hesjabakk der Lions i Odda organiserer parkering på ein god måte. Sjølvsagt hadde det vore flott å ha tilgang på straum, men medbragte aggregat fiksa den biffen. Berre få kilometer ned i dalen er det tømmestasjon og tilgang på vatten.
2. påskedag i 1962 ramla eg og brakk foten. På fanget til mor fortsette me turen frå Kistefjell nedover bakkane, men ved Damekneiken skjøna alle at eg måtte få ein meir konfortabel transport resten av vegen ned frå fjellet. Då fekk eg mitt første møte med Magnuskjelken. Etter å ha spjelka foten frå hofte til ankel tok fire tøffe skiløparar, med Røde Kors merket på armen, kjelken mellom seg og styrte den ned til vegen der Rambleren stod og venta med rødt blinkande lys på taket. Det var ein kry åtteåring som fekk ligge på båre i Røde Kors sin sjukebil frå fjellet og ned til sjukehuset i Odda (skulle gjerne hatt eit bilete av denne bilen her :-) ).
Utsikt mot Seljestadstølane og Tjoaminne
Kistefjell med banneret til Røde Kors plassert ved vaktlaget.
Utsikt frå Kistefjell mot Tjoaminne
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar