Utafor eit stort kjøpesenter i Rimini hendte det.......
På ein kjempestor parkeringsplass utafor Le Befane nytta uvedkomande høvet til å bryte seg inn i bobilen vår.
Det var surt å finne døra ramponert.
Vår planlagte tur rundt omkring i NordItalia
måtte avbrytast inntil forsvarlig låsing av bilen kunne ordnast.
Turen gjekk tilbake til campingplassen der me fekk hjelp av fastbuande og personalet med å utføre nødreparasjon som gjorde det mogeleg å feriere vidare.
Alle skap var tømt og innhaldet kasta ut over møblement. Eit dusin handklede og ein ny GPS var alt dei tok med seg, Sjåførdør var også forsøkt opna og inne i bilen var mange skapdører rive opp på ein slik måte at skaplåser også vart skada.

Næraste Bürstner forhandlar vart kontakta og tryggleikslåsar bestilt umiddelbart. 3 dagar seinare var me på nytt på tur etter å ha avlagt verkstaden til forhandlaren eit besøk.
I løpet av eit par timar hadde alle dører blitt utstyrt med nye låser som også lokale politi anbefalte.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar